Aktivitetar og attraksjonar

I Hardanger er det mykje spennande å ta seg til. Oppdagingsferd langs fjorden, vandring, ski, rafting, elvepadling, havkajakk, klatring, rappellering.

Ullensvang Gjesteheim er eit godt utgangspunkt for fotturar på Hardangervidda, enten via Munketrappene og Nosi, eller den vakre Husedalen i Kinsarvik. Start eller avslutt turen over Hardangervidda hos oss. Opplev Folgefonna, Hardangerfjorden, fruktblomstring og mykje meir.

Lofthus har eit godt utgongspunkt for sidersafari på fjorden. Les meir og bestill.

Shuttelbuss
Fra Ullensvang Gjestheim går det shuttelbuss som kjører deg til Skjeggedal/Trolltunga eller fra Lofthus til Røthe/Dronningstien, til en rimelig pris. Bestill billetter her

Munketreppene - Lofthus

Munketreppene

Skogsveg/sti opp frå Lofthus til Nosi ca. 950 m.o.h. Dette er ein av innfallsportane til Hardangervidda. På 650-700 m høgd ligg «Munketrappene», der steinar er lagt som trapper i terrenget. Truleg laga av munkane som kom til Opedal på 1200- talet. Gangtid Lofthus – Nosi tur/retur omlag 4 timar.

Dronningstien

Dronningstien, som ble offisielt åpnet av H.M. Dronning Sonja i juni 2013, er en merket tursti som sies å ha vært en av dronningens favoritturer gjennom en årrekke. Stien er oppe i 1100 moh på Hardangervidda, med spektakulær fjordutsikt og flott utsyn mor Folgefonna. Den går også gjennom de kjente Munketrappene (Munketreppene).

Utsikt frå Dronningstien
Trolltunga

Trolltunga

Trolltunga er ein av dei mest spektakulære fjellformasjonane i Noreg. Den ligg 1100 moh, omlag 700 meter over Ringedalsvatnet i Skjeggedal. Her er det fantastisk og luftig utsikt. Fotturen til Trolltunga går i høgfjellet, tar 8-10 timar t/r.

Husedalen

Turen gjennom Husedalen er ein av dei vakraste fotturane i Noreg. Fire flotte fossar ligg tett etter kvarandre frå Kinsarvik opp til Hardangervidda nasjonalpark. Naturen og fossane i Husedalen tek pusten frå dei fleste

Husedalen - Fire flotte fossar ligg tett etter kvarandre
Mikkelparken - Kort avstand til Ullensvang Gjesteheim

Mikkelparken

Mikkelparken er den ideelle staden for barnefamiliar. Her kan born og vaksne boltra seg blant mange spanande aktivitetar. Ynskjer du deg leik og moro i badebasseng, eller fart og spenning i vassklia, har du fleire å velja mellom.

Vøringsfossen

Nyt utsikta av Norges mest kjende foss. Sjå store vassmengder stupe 182 m frå Hardangerviddaplatået ned i Måbødalen. Måbødalen slyngjer seg nedover frå høgfjellsplatået til det mjukare og grønare området av Hardanger og ein endar opp i Øvre Eidfjord der natur – og kulturhistorisk opplevingssenteret «Hardangervidda Natursenter Eidfjord er lokalisert. Mange fine rasteplassar og fotostopp.

Vøringsfossen
Brevandring

Brevandring

Isbreen Folgefonna er den tredje største på fastlands-Noreg. Tek du ein tur til breen får du god tilgang til mange og varierte aktivitetar. I sesongen mai til oktober tilbyr Folgefonni Breførarlag ulike former for guida turar på Folgefonna, på desse turane vert fantastisk naturoppleving kombinert med kunnskap om breen.